BerreKristin

Diktbok | I tilfelle du treng det - Kristin Straume

Normalpris
299,00 kr
Salgspris
299,00 kr
Normalpris
Utsolgt
Stykkpris
Translation missing: nb.general.accessibility.unit_price_separator 

📦 2-5 dagers leveringstid

Fri frakt over 1500,-

14 dagers åpent kjøp

Trygg betaling med Klarna eller Vipps

Kun 24 igjen!

Den tredje, grå diktboka til berrekristin, Kristin Straume, heiter «I tilfelle du treng det». Her finn du små og ærlege dikt i kjend stil om kvardag og helg, vår og haust, motstand og aksept, om å vera åleine og å vera ilag. Dei ulike årstidene rammar inn gjenkjennbare tekstar som kan gje meining for fleire i ulike livssituasjonar og aldrar. Der den forrige, svarte boka var «nede i dalen», kan nok lesaren finna vegen opp igjen frå dalen i denne boka, litt klokare og meir erfaren. Boka kan vera ei vakker gåvebok for eksempel til nokon som har vore gjennom krevjande tider, for å bearbeida og koma seg vidare. Boka er solid og gjennomtenkt utforma, kvadratisk (15*15 cm) med kvalitetsark inni og foliert omslag utanpå, som gjer at det kan følast litt som utsida er av hud når du held ho i hendene.  Boka vart gjeve ut i 2021, og inneheld dikt som dette:

 

Du skjønar ikkje

kor bra du er

kanskje det er difor

du er ekstra bra

 ___________________________

Eg vil ikkje leva

lukkeleg alle mine dagar

då finst eg kun

i eit eventyr

 

Eg vil leva

alle mine dagar

dei lyse og dei mørke

og dei mange grå

 

Eg vil leva

 

Kundetilbakemelding: 

Har gitt den grå i gåve til fleire, og alle vart så glad og les den ofte ❤️ Dikta treff så godt ❤️ 

-Laila (51)

Alt du skriv er så relevant. Brukar dikta dine i dei fleste samanhengar. Noko til fødselsdagar, til oppmuntring om eg ser nokon treng det og ofte les eg bare i bøkene dine for å trøste meg sjølv i ein hektisk kvardag <3

-Åse Lena (51)